Skip to main content

Terje Viken er ny eigedomssjef

3. juni 2020

1.juni startet Terje Viken som eigedomssjef i Haraldsplass Diakonale Stifelse. Han ser fram til å ta del i drifta og utviklinga som er i Stiftelsen.

Terje er 54 år og bur i Blomsterdalen. Han er gift og har tre vaksne born.

Av utdanning er han bygg ingeniør med tilleggsutdanning innan økonomi.

Dei siste 5 åra har Terje vore i Kruse Smith Entreprenør der han vore distriktssjef.

Terje har lang erfaring frå byggjebransjen. I nærare 30 år har han arbeidd i ulike roller innafor denne bransjen, så det er ein erfaren eigedomssjef som no er plass.

-Eg gler meg  meg til å ta del i drifta og den viktige  utviklinga som er i Stiftinga, og eg ser fram til å få nye bekjentskaper seier Terje Viken. Han legg også til at han synes godt om mottoet «Kompetanse med hjartevarme».

Vi ynskjer Terje Viken velkomen på laget og lukke til med viktig arbeid.

FOTO/VIDEO: navn/kilde